søndag 19. desember 2010

Adventsalme




Når mørkret legg seg stort og stilt
kring landet der me bur,
og sveiper seg kring alle oss
...som tviler og som trur,
kring dei som slit med sorg og angst
kring alle dei som går og frys,
me kviskrar, Herre, ver oss nær,
og stille tenner me eit lys.

For alt me ikkje makta, Gud,
For alt som gjekk i stå,
For alt me aldri nådde, og for alt det som me må,
to lys er tend for kraft og mot,
to spinkle lys i mørkret står,
så set me oss i ro hos deg
og søkjer fred for tanken vår.

Tre lys er tend for gode ting,
for kjærleik, glede, fred,
mens verda dansar vilt i ring,
og me må fylgja med.
For alt det gode som me fekk,
for alt det gode me skal få,
står lysa som ein takk til Gud,
og bøn for alt me håpar på.

I kveld står fire lys og skin
mot himmel og mot jord.
For himmelen har kome nær,
å Gud, kor du er stor.
Hos deg blir mørkret lyst som dag,
ei himmelstjerne lyste veg,
for dei som søkte og som fann,
Gud, lat oss alle finna deg.

Heidi Strand Harboe


Ingen kommentarer: